Eg kjøpte eit par Sony WH-1000XM4…
Eg kjøpte eit par Sony WH-1000XM4 hodetelefonar hos NetOnNet, men etter kort tid slutta øyreklokkene å lade. Produktet er godt innanfor den 5-årige reklamasjonsfristen etter forbrukarkjøpslova, men NetOnNet og deira verkstad (Service Kompaniet) prøver no å vri seg unna ansvaret sitt.Dei nektar å dekke reparasjonen og skyldar på «ekstern påverknad» fordi det er funne litt korrosjon/irr i USB-porten. At det oppstår vanleg oksidering i ein ladeport på eit berbart produkt etter normal bruk over tid, betyr ikkje at produktet har vore utsett for uvøren bruk eller vasskade. Normal fukt i lufta må slike hodetelefonar tåle!I staden for å ordne opp, sender dei eit krav på over 1300 kroner for reparasjon, eller 300 kroner i gebyr berre for å få det øydagde produktet i retur. Det er uakseptabelt at forbrukaren skal sitte att med rekninga for produktfeil.Etter forbrukarkjøpslova er det NetOnNet som har bevisbyrda for at eg har brukt produktet feil, og ein generell påstand om fukt er ikkje nok. Eg kjem til å ta denne saka vidare til Forbrukartilsynet dersom NetOnNet ikkje rydder opp ordentleg.Styr unna viss du forventar at garantien og reklamasjonsretten faktisk blir respektert!